Are Kalvø

Hyttebok frå Helvete

Neste forestilling

22. november 2018 kl. 21.00

Billettpris: 420 + avg.

Aldersgrense: 18år*

Spilletid: 1 t 15 min

Scene: Hovedscenen

*Ungdommer under 18 år er hjertelig velkommen med en forelder
Are Kalvo Hyttebok Fra 800X800

Ein komikars motvillige forsøk på å lære seg å elske naturen

Are Kalvø er ein nordmann som ikkje verkar.

Han vaks opp midt i eit postkort på Vestlandet, omgitt av fjordar og fjell som folk reiser halve kloden rundt for å oppleve, med turmuligheiter på alle kantar. Likevel har han aldri blitt ein naturens mann. Han flytta til byen og såg seg aldri tilbake.
Dette har aldri vore eit problem. Før no.
For nokre år sidan begynte Kalvø å miste venner til naturen. Gode venner, som før alltid var med på pub for å prate tull, begynte plutselig å gå i fjellet, legge ut bilde av skispor, og i fullt alvor seie sånt som at det berre er i møte med naturen at du forstår kor liten du er.
Ein dag måtte Kalvø innsjå at han ikkje hadde ein einaste facebook-venn som ikkje hadde lagt ut eitt einaste bilde av seg sjølv på eit fjell.
For første gong sidan han blei tvinga til slikt på skulen, la Kalvø derfor ut på tur, på ski og til fots, for å finne igjen vennene sine. Og for å finne ut kva i alle dagar det er som skjer.

Resultatet blei «Hyttebok frå ...», ei svært morsom og litt sint bok om vår tid og vårt merkelige forhold til naturen.

Denne kvelden fortel han om turen, om vår tid, om naturen og om overraskande mykje anna som du ikkje trudde hadde noko med saka å gjere. Det blir standup. Det blir vitsar. Det blir tull. Det blir eit par uventa harde utfall mot alle som liker fjell betre enn folk.

2018

November

Latter

Torsdag 22.11 2018 kl. 21.00

Hovedscenen
Utsolgt Andre show
Latter

Lørdag 24.11 2018 kl. 17.00

Hovedscenen
Utsolgt Andre show
Latter

Tirsdag 27.11 2018 kl. 19.00

Hovedscenen
Utsolgt Andre show